Rød Ungdom

Bli medlem! Ivers blogg

Ikkje øydelegg industrien vår!

3. oktober 2003, 16:32 | Kategori: .

EØS-avtalen kan ta ifrå oss rettane den norske arbeidarrørsla har kjempa fram gjennom hundre år. Raud Ungdom vil ikkje sitja i ro og sjå på at austeuropeiske arbeidarar vert utnytta i Noreg, mens norske arbeidarar vert arbeidslause.

Av Kjetil Grønås

Neste år vert Polen, Latvia og fleire andre fattige austeuropeiske land med i EU og omfatta av EØS-avtalen. Så norske industriverksemder kan nytta seg av billeg arbeidskraft frå andre land. Desse polakkane er nemleg så hyggelege og hjelpsame, dei er viljuge til å jobba for ei timeløn ned mot 20-30 kroner. Dette er jo bra for stakkars Kjell Inge Røkke og andre norske kapitalistar, som slit med dei altfor dyre, griske norske industriarbeidarane.

I dag finst det reglar for arbeidsinnvandring. Utanlandske arbeidarar skal ha opphaldsløyve og arbeidsløyve, og det er krav til løn og ordna arbeidsforhold. EØS-avtalen tek frå oss høvet til å bruka slike reglar.

EØS- avtalen byggjer på marknadsliberalistiske prinsipp som fri flyt av handelsvarer, kapital og arbeidskraft. Og norske styresmakter vil jo ikkje hindra den frie flyten, så dei norske industriarbeidarane må nok finna seg anna arbeid. Og i staden for å krevja at polske arbeidarar skal få høgare løn i heimlandet sitt, seier høgrepartia "Å, så bra. Da kan de komme hit og tjene mer penger enn i hjemlandet sitt, og de rike vennene våre kan få billig arbeidskraft. Da er jo alle fornøyde!", og så gjev dei Røkke litt skattelette, slik at han skal tena endå meir pengar på si groteske utnytting av arbeidsfolk.

Nei, alle er ikkje nøgde med denne utviklinga. Raud Ungdom vil ikkje sitja i ro og sjå på at titusenvis av norske industriarbeidarar vert arbeidslause, eller at løna deira blir dumpa, avdi politikarane er for feige og kapitalistane for griske. Raud Ungdom vil ikkje sitja i ro og sjå på at austeuropeiske arbeidarar vert utnytta i Noreg under dekke av at dei har det verre der dei kom frå, og at EØS-avtalen skal ta ifrå oss rettane den norske arbeidarrørsla har kjempa fram gjennom harde kampar gjennom heile 1900-talet.

  • Raud Ungdom:
  • Stør kampen for at arbeidarar i alle land skal ha dei same rettane og fordelane me har i Noreg, ogsÃ¥ i sitt eige heimland
  • Krev at staten melder Noreg ut av det udemokratiske EØS-samarbeidet
  • Vil ha overgangsordningar i forhold til dei nye EU-landa, med utsetjing pÃ¥ fri flyt av arbeidskraft
  • Stør Fellesforbundet og EL&IT-forbundet sitt krav om allmenngjering av tariffavtalar pÃ¥ norske landanlegg