Stopp terrorøvingane i Finnmark!
Snart, kanskje allereie denne veka, vil bomber falle over Hálkavarre skytefelt i Porsanger. Allierte NATO-land har lenge sikla over sjansen til å bombe på Finnmarksvidda.
Her kan ein bombe fritt, utan å forstyrre det "siviliserte" Europa, samstundes med at terrenget her er unikt, og visstnok bra å øve seg på. Representantar frå Porsanger Kommunestyre og Sametinget har allereie fordømt utvida bruk av skytefeltet. Kristin Krohn Devold veljar likevel å gi britiske bombefly høve til å bombe i 100 døgn, fordelt over 22 veker.
Det er mange gode argument for kvifor Hálkavarre skal vere beitemark for reinsdyr og ikkje for bombefly. Retten til land og vatn i Finnmark er ikkje utreia, og det bør difor vere eit krav at det norske Forsvaret held seg til avtalar dei allereie har med reindriftsnæringa. Devold si lovnad til britane er eit overtramp og ein maktdemonstrasjon. Her skal det visast at det er staten som eig Sapmi, Sameland. Dessutan er bombing ikkje akkurat miljøvennleg.
Dei viktegaste argumenta for oss som krigsmotstandarar er likevel desse: Dei flya og helikoptra som eventuelt skal få lov til å sleppe bomber og raketter over Hálkavarre er dei samme som har sloppe sine dødelege laster over bryllaup og fjellformasjonar i Afghanistan og Irak. Dei skal berre øve litt i Noreg, før dei bombar vidare i andre land etterkvart som USA finn det for godt å angripe vidare.
Noreg er på same tid med på å endre sin forsvarsstrategi. Vårt Forsvar skal ikkje lengre brukast til defensivt forsvar av vårt land. No skal me leike med dei store, og drive offensiv og imperialistisk krigføring der USA treng bombehjelp. Noreg og Finnmark blir på denne måten direkte trekt inn i konfliktar og krigar som det norske folk har markert klar motstand mot.
15. februar i år gjekk 150.000 nordmenn i demonstrasjonar mot krig i heile landet. Våre politikarar er forferdeleg arrogante når dei ikkje tar til seg folkets meining, og vel å la NATO-fly bombe i Hálkavarre. Kvifor skal me akseptere at hyklerske, USA-diltande politikarar skal bestemme at nokon kan komme og bombe der me bur? Vårt krav må vere at terrorøvingane sine, dei kan dei ha over London eller New York - og ikkje over vår vidde.




