Linux inn i Hordalandsskulane!

Opplæring- og helseutvalet i Hordaland har vedteke at det skal startes pilotprosjekter med Linux/Open Office i dei vidaregåande skulane i Hordaland.
I Hordaland Fylke sitt utval for opplæring og helse (UOH) sitt møte 30.03.04 vart det fatta følgande vedtak:
«Linux/Open Office er eit alternativ til Microsoft-systemet. Linux har mykje for seg jamfør rapporter frå Statsconsult og Teleplan. Dei skular som ønsker pilotprosjekter innan ope kjeldekode skal få anledning til det. Eventuelle innsparingar på t.d. lisenskostnader skal pløyes tilbake til den aktuelle skule for bruk innan IKT.»
- Dette vedtaket er me glad for, seier forslagsstillar Sunniva Schultze-Florey, RVs representant i UOH. - Open kjeldekode er noko RV har jobba for lenge, jamfør RVs IT-program som vart vedteke i 2001.
Utdrag frå IT programmet:
- «Fri og åpen»-programvare lovbestemt til offentlig informasjonslagring og kommunikasjon
- Forbud mot lukka, proprietær programvare som standard i stat og kommune
- Linux og annen fri og åpen kildekode-programvare i skolen
- Me ser no at fleir og fleir politiske parti følger etter og vedtek liknande programmer, seier Sunniva Schultze-Florey. - Dette er bra. Jo fleir politiske parti som følgjer opp dette dess betre!
Sunniva Schultze-Florey oppfordrer skulane til å melde seg på pilotprosjekta.




