Meld deg inn i Norsk MÃ¥lungdom

Norsk Målungdom manglar framleis nokre få medlemer for å framleis få statsstøtta i 2005. Meld deg inn i NMU i dag!
Vil du framleis ha eit levande ordskifte om nynorsken? Vil du sikra at nynorskelevane framleis skal ha dei same rettane som bokmålselevane? Vil du vera med på å arbeida for å betra sidemålsundervisninga i skulen? Vil du arbeida for at folk skal velja å skriva nynorsk og snakka dialekt? Då er Norsk Målungdom organisasjonen for deg.
I dag kan du nytta nynorsk og dialekt i so godt som alle samanhengar. Dette er ikkje noko som har kome av seg sjølv.
-For 150 år sidan skreiv alle i Noreg dansk.
-For 50 år sidan ville det vore utenkjeleg å tala dialekt i radioen.
-For 30 år sidan hadde ikkje nynorskelevane lovfest rett til å få lærebøkene på eige mål.
Slik er det heldigvis ikkje i dag, takk vere arbeidet til Norsk Målungdom og resten av målrørsla. Korleis framtida skal sjå ut er opp til deg!
For å få statsstøtta, må organisasjonen ha 1000 medlemer ved inngongen til det nye året. No har NMU nesten 1000. Meld deg inn i dag! For 30 kroner er du medlem ut året. Betalar du 60 er du medlem heilt til utgongen av 2005. Meld deg inn på http://www.nynorsk.no/nmu/melddeginn.htm.
Er du alt medlem? Vervar du venene dine, kan du vinna flotte premiar! Les meir om verving på http://www.nynorsk.no/nmu/ymist/verving.shtml





