Rød Ungdom

Bli medlem! Ivers blogg

Kinesiske arbeidarar blir sjuke av smykkeproduksjon

26. april 2006, 11:15 | Kategorier: , .

Den svenske butikkjeda Glitter, med over 50 butikkar i Noreg, sel smykke produsert i Kina. Den danske avisa Politiken melder at smykka som vert selde i Danmark, og sannsynlegvis i Noreg, er produsert under sterkt kritikkverdige forhold. Kinesiske arbeidarar rapporterer om 16-timars arbeidsdag, fysisk mishandling og manglande verneutstyr.

Det er særleg slipinga av halvedelsteinar som er farleg. Denne slipinga føregår i private heimar fordi fabrikkane som leverer til Glitter då kan selga produktet endå litt billegare. Men medlemmane i familiane som må leva med steinsliping og -hugging i heimen sin, utan verneutstyr, får små steinpartiklar i lungene. Mange utviklar «støvlunger», ein sjukdom kjent få mellom anna gruvearbeidarar.

Administrerande direktør for Glitter i Danmark, Peter Westring, svarer slik på spørsmålet om Glitter vil slutta å kjøpa smykke frå dei aktuelle fabrikkane: «Nej, det er vores sidste sanktionsmulighed. Men vi gør alt, hvad vi kan, for at sikre ordentlige arbejdsforhold. Det kan jeg garantere dig».

Raud Ungdom meiner at menneske sine liv og deira helse er viktigare enn smykke. Sjølv om menneska lever i Kina. Arbeidarar i alle land har rett på eit arbeid som ikkje er helseskadeleg, og ei løn det går ann å leva av. Glitter, som hittil ikkje har brydd seg om sine kinesiske arbeidarar sine arbeidsforhold, har lite truverdigheit når dei forsikrar om at forholda skal bli betre.

Av Mari Fjeldstad