Rød Ungdom

Bli medlem! Ivers blogg

Bergen RU arrangerer vårleir!

15. mai 2007, 15:52 | Kategori: .

I pinsehelga (25.-28.mai) skipar Bergen Raud Ungdom til vårleir i Kvamskogen, det beste distrikts-Noreg har å by på. Det vert spanande innleiingar frå mellom anna leiaren av Rødt, Torstein Dahle om kapitalisme, nestleiar Ingrid Baltzersen om imperialisme og Asta Håland om feminisme. Du får lære meir om kollektivtransport, Palestina, marxisme og mykje anna. Det vert òg kulturelle verkstadar, quiz, konsert og anna kveldskos.

Andre innleiarar på leiren er mellom anna Olaug Taklo, Treje Valen og Kenneth Fuglemsmo. Bergen Raud Ungdom kan diverre ikkje dekke reise. Pris for leiren er skarve 350 kr, og for det får du overnatting, mat, politikk og morro.Dersom du ikkje kan vere der heile helga, betaler du sjølvsagt berre for dei dagane du er der. For meir informasjon, kontakt oss anten på bergen[at]sosialisme[dot]no eller Sunniva Innstrand på tlf: 48131378

Bor du ikke i Hordaland eller Sogn- og Fjordane, men vil på vårleir likevel? Fortvil ikke, men ta en titt på vårleirsiden her.

Sjekk også Bergen RU sinblogg
Kom, kom!