Rød Ungdom

Bli medlem! Ivers blogg

Fråsegn frå Rød Ungdoms landsstyre: Ja til ein kjønnsnøytral eksteskapslov!

19. juni 2007, 10:53 | Kategorier: , , .

Raud Ungdom stør framlegget til regjeringa om ei felles ekteskapslov for likekjønna og ulikekjønna par, som har vorte sendt ut på høyring den 16. mai i år. Framlegget inneber mellom anna at likekjønna ektepar kan verte adoptivforeldre, at lesbiske får høve til medisinsk hjelp til å verte gravid, og at båe mødrer automatisk vert dei juridiske foreldra etter medisinsk hjelp til å verte gravid.

Raud Ungdom meiner at slike endringar i det norske lovverket vil vere med på å jamstelle lesbiske, homofile og bifile med heterofile. Me tykkjer ikkje at seksuell legning gjer ein uegna til å vere omsorgsperson.

Me vonar at framlegget får stønad på Stortinget. Det norske lovverket skal ikkje diskriminere og medverke til undertrykking av menneske grunna homofil legning.