Rød Ungdom

Bli medlem! Ivers blogg

Bergen RU skipar til haustleir!

14. september 2007, 09:11 | Kategorier: , .

Valkampen er over, og politikarane har nær sagt tekne ferie, men det har ikkje me. Arbeidet for revolusjonen, og ei betre verd tek ikkje slutt. Det er viktige kampar å kjempe kvar dag, saman med folk, mot utbytting og diskriminering av ymse slag. Difor skipar Bergen Raud Ungdom til haustleir i den siste delen av haustferien, for alle som vil vere med, og alle dei som allereie er med i kampen for ei rettferdig verd.

Leiren vert altså frå 4.-7. oktober på ei hytte på Kvamskogen, litt utanfor Bergen. Der kan ein få lære meir om politikken vår, og kva for ideologiar me byggjar han på. Det tyder at ein får vete meir om mellom anna feminisme, kva me legg i det å vere ei revolusjonær rørsle, om homokamp, Nepal, Irak og mykje anna spanande. Det vert for det meste unge, flinke menneske frå Raud Ungdom og Raudt som kjem for å halde innleiingar.

I tillegg til alle desse innleiingane, er det òg mogleg å få forbetra nokon av dei meir kreative evnene ein har, eller gjerne skulle ynskje at ein hadde hatt, då det vert kulturelle verkstadar i løpet av helga. Du får dessutan verte kjent med mange hyggelege ungdommar som er interessert i, eller er medlem av Raud Ungdom, både frå Bergen og andre stadar i Noreg. Det kan verte mange seine kveldar med diskusjonar, gitarspel, film og anna kveldskos.

For å melde seg på er det berre å sende ein e-post til bergen[at]sosialisme[dot]no. Det vil verte felles avreise på torsdagen den 4. oktober. Leiren kjem ikkje til å koste meir enn førre leir, altså ikkje meir enn 350 kr, mindre viss me får alle dei pengane me har søkt om. Då er òg maten er teke med i prisen. All anna praktisk informasjon som du treng vil du få melding om så snart som mogleg, viss du melder deg på.