Bergen RU arrangerar vårleir!

Alle kommunistar, sosialistar, politisk interesserte og nysgjerrige: Sett av årets pinse til ei læringsrik helg med spanande innleiingar og mykje sosial morro. Bergen Raud Ungdom arrangerer vårleir, og akkurat DU er invitert!
Frå fredag 9 mai til mandag 12 drar me til ei hytte på Os der me skal ete god mat, få nye vener og mykje ny kunnskap.
Årets tema er imperialisme, og me får høyre om blant anna internasjonal narkotikapolitikk, samefrigjering og sexindustrien, i tillegg til anna kommunistisk moro.
For påmelding eller spørsmål, ta kontakt med:
Bergen(a)sosialisme.no
Lars Andreas Rømo Ystaas, tlf 45 47 10 94
Kaspar Vigestad, tlf 41 51 92 20




