Lufta er for alle

Uttalelse fra Rød Ungdoms landsstyre 5.-7. februar:
I det siste har lufta i Bergen vore den dårlegaste i heile Europa. På eit tidspunkt var det så ille at blant anna astmatikarar vart bedt om å halde seg innandørs. Som eit av krisetiltaka innførte Bergen Kommune gratis ekspressbussar til og frå sentrum. Landsstyret i Raud Ungdom vil ynskje Bergen Kommune velkommen etter med eit bra tiltak, men til orientering var dette eit av Raud Ungdoms krav i valkampen. Som ei vidare oppmoding vil me difor foreslå for Bergen Kommune at dei satsar på gratis kollektivtrafikk, og når det ikkje er krise.
Luftkvaliteten i Bergen har vore dårleg i ei årrekke, og det burde aldri ha gått så langt at folks liv og helse stod i fare før eit tilltak vart iverksett. Dette er ein gyllen sjanse til å verkeleg gjere noko med luftproblematikken i Bergen. Dette har vore prøvd i storbyar i Europa med stor suksess, og no er det på tide å ta steget ut og gjere Bergen til ein foregangskommune når det gjeld miljø!
Dette vil vere eit positivt tiltak, ikkje berre til lufta i Bergen, men og klimautfordringane generelt og vanlege folks kvardag.





