Rød Ungdom

Bli medlem! Ivers blogg

Britney Spears

21. april 2010, 13:13 | Kategori: .

Denne veka gjekk Britney Spears ut i media med uretusjerte kopier av eit bilete frå ein reklamekampanje. Bileta vart publisert saman med dei retusjerte utgåvene, og viser at sjølv Britney vert lagt under den digitale kniven før reklamen. Ved å publisere desse bileta har ho slått eit slag for vanlige kvinner over alt. Difor kårer Raud Ungdom ho til Vekas helt!

I dag er det over 100 000 nordmenn som har spiseforstyrrelser og 90% av desse er kvinner. Mykje av dette kan skuldast retusjering av reklame. Retusjering skaper eit uoppnåeleg ideal, som berre eksisterer på reklameplakatene og det vert eit enormt skjønnhetspress på kvinner, fordi dei heile tida må samanlikne seg sjølv med kvinner som ikkje er virkelege.

Undersøkelser viser at kvar tredje norske jente får dårlegare sjølvtillit som direkte følge av å sjå på reklame for moteklede. Raud Ungdom meiner dette er uhaldbart. Me kan ikkje godta ein milliardindustri som profiterer på å selge jenter dårleg sjølvtillit, og jobber derfor for å forby retusjering av reklame. Bileta av Britney Spears viser nettopp omfanget av retusjering, og Raud Ungdom kårer herved Britney Spears til Vekas helt for å synleggjere dette.