Oslo Freedom Forum

I desse dager foregår Oslo Freedom Forum, ein menneskerettskonferanse arrangert av Human Rights Foundation. Arrangementet er offisielt støtta av blant anna Oslosenteret for fred og menneskerettar, Amnesty International, utanriksdepartementet, Nobels fredssenter og Civita. Blant dei inviterte talarane, er ei rekke internasjonale verdskjente freds- og menneskerettsforkjemparar. Men i ein rapport utgjeven av Manifest Analyse kjem det fram at desse får selskap av tre latinamerikanarar som har vore delaktig i, eller aktivt støtta opp om millitærkupp. Raud Ungdom meiner det er galt å hylle kuppmakarar, og kårer difor Oslo Freedom Forum til Vekas dust!
Presentert som "Voices of Freedom" og "Heroes of Human Rights" kjem Leopoldo Lopéz, Marcel Granier og Armando Valladares for å snakke om sine erfaringer med å "sloss for menneskerettar". Leopoldo Lopéz og Marcel Granier var delaktige i kuppet mot Hugo Chavez, den lovleg valde presidenten i Venezuela i 2002. Lopéz leia arrestasjonen av Venezuelas justisminister og Granier, som leiar av tv-kanalen RCTV, var ein av dei mest aktive støttespelarane til kuppmakarane. RCTV fungerte som eit talerør for kuppmakarane både før, under og etter kuppet mot Venezuelas president. Armando Valladares har aktivt støtta kuppet mot Honduras' lovleg valde president Manuel Zelaya så seint som i 2009. For dette tildelte kuppmakarane han "José Cecilio del Valle"-ordenen, den høgste æresbevilgninga nokonsinne gitt til ein utlending.
Raud Ungdom meiner det er uhaldbart at aktive støttespelarar til kupp vert hylla. Ein konferanse om fridom og menneskerettar er i utgongspunktet ein god idé, men det er galt når det bidrar til å legitimere Lopéz, Granier og Valladares sine roller i kupp som er fordømt av det internasjonale samfunnet. Raud Ungdom kårer difor Oslo Freedom Forum til Vekas dust.




