Jens Stoltenberg

På 17. mai denne veka, besøkte Jens Stoltenberg dei norske soldatane i Afghanistan. På ein dag der me feirer Noregs grunnlov, sjølvstende og fridom er det ein skam at statsministeren avlegger dei norske okkupasjonssoldatene eit besøk. Difor kårar Raud Ungdom han til Vekas dust!
Noreg deltek i ein blodig okkupasjonskrig i Afghanistan. Kampane intensiverast og stadig fleire afghanske sivile er misnøgd med "hjelpa" dei får frå dei vestlege millitærmaktene. Det er heilt tydeleg at Noreg deltek i denne krigen for å tene amerikanske imperialistiske interesser, og det er verkeleg ikkje noko å bruke 17. mai til å hylle.
Istadenfor burde Stoltenberg brukt dagen på å reflektere over Noregs rolle i krigen. Burde han fortsette med å bombe uskuldige sivile, eller burde han trekke soldatane ut frå Afghanistan og brukt pengane på hjelpearbeid? Raud Ungdom meiner det siste, og fram til Stoltenberg og gjer det får han finne seg i å bli kåra til Vekas dust!




