Raud Ungdom støtter FMSAK i kampen mot strippeklubben Dreams!

Fråsegn frå Raud Ungdoms landsmøte:
I januar starta strippebula Dreams Showbar opp i Bergen. Ulike feministiske organisasjonar i Bergen har gått saman i nettverket Front mot Sal av Kropp (FMSAK), for å arbeide for å knuse strippebula og igjen gjere Bergen til ein strippefri by.
Stripping er sal av sex. Menn kan kjøpe seg seksuell tilfredstillelse, gjennom å betale for å sjå kvinner kle av seg. Det fremjar eit heilt forkasteleg kvinnesyn, og Raud Ungdoms landsmøte vil gjerne uttrykke støtte til den kampen FMSAK fører.
Stå på kameratar, ikkje gje opp kampen før strippebula er stengt og eigarane må krype frå byen!




