Ola Smeplass

Denne veka gjekk fylkesleiar i Nordland SP, Ola Smeplass ut i VG og uttalte at Afghanistankrigen kunne verte Noregs Vietnam. Tilbaketrekkinga vert ikkje diskutert på grunn av prestisjen som ligger i den norske okkupasjonen. Han meiner at etter 9 års krigføring utan resultater, bør ein trekke soldatane ut av Afghanistan. Raud Ungdom er einige med han, og kårer han difor til Vekas helt!
Det er stadig fleire som skjønner at krigen i Afghanistan ikkje medfører noko bra. Verken for kvinner, born eller befolkninga som heilskap kan ein sjå ei positiv utvikling i den tida landet har vore okkupert av Norge, USA og dei andre NATO-landa. Faktisk kan ein sjå tendensar til at utviklinga har gått i motsatt retning, at det har blitt verre for Afghanarane etter okkupasjonen. Kvar soldat som dør i Afghanistan no, dør ikkje for verdiar som rettferd, fridom og demokrati. Dei dør for at Noreg skal redde ansiktet. Det er bra dersom stadig fleire i regjeringspartia skjønar dette, så me kan få slutt på den galskapen og henta soldatane heim att.
Sjølv om SP var med å sende soldatane til Afghanistan i første omgang, saman med resten av partia på Stortinget, tykkjer Raud Ungdom det er bra at stadig fleire i partiet tar til fornuft. Dette kan føre til ei styrking av krigsmotstanden i Noreg, og for det kårar me Ola Smeplass til Vekas helt!




