UMP

Denne veka vedtok nasjonalforsamlinga i Frankrike å innføre forbud mot burka og niqab på alle offentlege stader. Dei er dermed først ute i Europa til å innføre forbudet som har vore diskutert i mange europeiske land. Eit forbud mot Burka og Niqab vil ikkje hjelpe nokon, og difor kårar me forslagsstillaren UMP til Vekas dust!
UMP (Union pour un Mouvement Populaire) er eit høgrepopulistisk parti, partiet til blant anna president Nicolas Sarkozy og tidlegare president Jacques Chirac – og kronidiotene bak dette tåpelige forslaget som ikkje vil føre noko bra med seg.
Tilhengere av forslaget har påpeikt at burkaen fungerer som eit mobilt fengsel, for dei kvinnene som går med det. Uansett så meiner Raud Ungdom at det ikkje er noko bra løysning å erstatte det mobile fengselet med eit ikkje-mobilt. Konsekvensen vil mest sannsynleg bli at dei 1900 franske muslimene som bruker burka ikkje går frå heimen sin, i frykt for bøter eller familiene sine.
Raud Ungdom stør religionsfridomen, og stør både dei muslimene som vil gå med burka og niqab og dei som ikkje vil det. Sjølv om det fins muslimske kvinner som blir påtvunge burka, så gjelder ikkje det alle brukerne – og då vert det feil å dra alle under ein kam. Eit forbud er uansett ikkje vegen å gå, og fram til politikerne i UMP skjønar det, må dei finne seg i å bli Vekas dust!




