Vibeke Holann

Forrige veke havna nestleiar i Raud Ungdom, Marte Teigen, i ordkrig med kommunikasjonssjef Vibeke Holann i Hennes og Mauritz Norge om Hennes og Mauritz bruk av sjukeleg tynne, retusjerte modeller i reklamekampanjene sine. Holann meinte at Raud Ungdom tar feil når me påstår at alle modellene er sjukeleg tynne, og uttalte at: "For eksempel modellen Daria Werbowy - som vi har brukt i noen av våre kampanjer - bruker størrelse 32 til 34." Me er framleis ikkje overbevist, og kårar difor Vibeke Holann og Hennes og Mauritz til Vekas dust!
I modellbransjen er den vanligste størrelsen den såkalla "Size Zero", eller størrelse 30 som det blir på norsk. Dette er langt frå den gjennomsnittlige kvinna i Noreg som brukar størrelse 42. Faktisk så er det så få kvinner i "Size Zero" at Hennes og Mauritz ikkje ein gong selger klede i den størrelsen. Ikkje nok med at modellene er tynne frå før av, reklamekampanjane vert og retusjert til det ugjenkjennelige. Modellane vert enda tynnere, huden blir blankpolert og proporsjoner blir endra. Alt dette for å skape eit skjønnhetsideal som er så langt frå røynda som mogleg.
Til tross for at Hennes og Mauritz har ein modell som får lov til å ete frukost, er dei framleis med på å skape eit urealistisk skjønnhetsideal som gjer unge jenter dårleg sjølvtillit og spiseforstyrrelser. Når jenter heile tida går og samanlikner seg med bilete av damer som ikkje fins i røynda, er det klart at det ikkje fører noko godt med seg. Vibeke Holann er Vekas dust!




