Rød Ungdom

Bli medlem! Ivers blogg

Saltstraumen skule

15. september 2010, 13:30 | Kategori: .

Raud Ungdoms skulestartskampanje ruller og nærmer seg slutten. I fleire veker no har me vore på skulebesøk i store delar av landet og prata med elevene om leksefri skule. Dette er eit kjempebra tilltak som det er stor oppslutning rundt. Saltstraumen skule i Bodø har skjønt dette, og har fjerna leksene. Derfor vert dei kåra til Vekas helt!

Lekser tar frå elevene fritida, gjer dei demotiverte og auker forskjellene i skulen. I motsetnad til vaksne som har åtte timers arbeidsdag, har norske elever mye mer tidkrevende arbeid. Når de er ferdig på skulen må dei heim og gjere lekser. Forskningsrapporter viser og at det er ytterst få som blir flinkere av å gjere lekser. For det store fleirtalet har leksene null eller negativ effekt. Erfarignene frå forsøket på Saltstraumen støtter opp om dette. Dei har fjerna leksene på 1. - 7. trinn og tilrettelegger for sjølvstendig arbeid innanfor skuledagen. Elevene får tid til å jobbe effektivt med skulearbeid samt ha fritid der dei kan slappe av, vere med venner og familien.

Det er på tide at fleire skjønar at lekser er kjipt. Raud Ungdom skal fortsetje arbeidet for ein leksefri skule, og ønsker så mange som mogleg med oss på laget. Difor kårar me Saltstraumen skule til Vekas helt!