David Be'eri

Forrige lørdag kjørte leiaren av busetjingsgruppa Elad, David Be'eri på to palestinske gutar, i det palestinsk-dominerte området Silwan i Aust-Jerusalem. Be'eris busetjargruppe okkuperer Aust-Jerusalem, og arbeider for å forsterke dei israelske banda til Jerusalem. På grunn av denne monstrøse handlinga fortjener Be'eri og gruppa hans å vere Vekas dust!
Dei palestinske borna var samla i gata og kasta stein mot bilen til Be'eri, i frustrasjon over okkupasjonen gruppa hans forsvarer. Når Be'eri ser steinkastarane gjer han gass og køyrer på to av gutane før han forsvinn frå åstaden. Dei to palestinske gutane måtte begge på sjukehuset etter hendinga, men begge var ved bevissthet.
Denne hendinga viser kor lite respekt israelske okkupanter har for palestinere. Det er på tide å avslutte okkupasjonen og gje Palestina fridomen tilbake. Fram til det skjer, er David Be'eri Vekas dust!




