Storbritannia

I det siste kan det virke som om Raud Ungdom er blitt særleg opptatt av britisk politikk. Det stemmer ikkje, men når Storbritannia gjer så mykje teit, så fortjener dei å bli kåra til Vekas dust. Denne gongen har den konservative regjeringa gått inn for at arbeidsledige som mottar trygd skal bli tvunge ut i drittarbeid. Storbritannia er Vekas dust!
I Storbritannia er det i dag eit frivillig tilbod til arbeidsledige, som går ut på å arbeide med småjobber som søppelplukking, feie gater, rake lauv og maling. Dette vil dei no gjere obligatorisk for alle som mottar arbeidsledighetstrygd, og folk som ikkje deltar vil miste inntekten sin. Den konservative regjeringa innfører tvangsarbeidet igjen, og tar eit steg i retning autoritære diktatur.
Ein kan ikkje fjerne arbeidsledighet ved å tvinge arbeidsledige til å ta jobbene ingen andre vil ha. Dei må istaden ta kontroll over økonomien og skape varige arbeidsplassar til folk. Fram til Storbritannia skjønner dette er dei Vekas dust!




