Rockefeller og Ringnes

Forrige veke vant dei streikande på Rockefeller kampen om tariffavtale på Rockefeller, John Dee og Sentrum Scene. Dette er ein stor siger for arbeidsfolks rettar, og er viktig for den generelle kampen for tariff, og gode ordningar i norsk arbeidsliv. Det er ingen tvil om at denne sigeren kom etter press frå dei streikande i Rockefeller, og dei tilsette i Ringnes som nekta å levere øl til dei populære scenene. Raud Ungdom feirar sigeren med å kåre klubben på Rockefeller og Ringnes som Vekas helter!
Det var lørdag 11. desember streiken starta, etter ein knusande dom i Arbeidsretten. Denne dommen var og viktig, fordi den slo fast at retten til tariff er ei prinsipiell rett som gjeld uavhengig av bedrift eller bransje. 50 ansatte ved Rockefeller scene gjekk ut i streik, og samtidig vart det organisert ein boikott av konsertscenene i miljøa rundt fagbevegelsen og parti på venstresida.
Som om ikkje dette var nok for å legge press på bedriftseigaren i Auditorium AS, vedtok og dei organiserte i Ringnes at dei ikkje ville levere øl eller drive reparasjon på ølanlegget så lenge streiken pågjekk. Dei har som fast prinsipp å snu i døra, dersom dei vert møtt med streikevaktar.
Alt dette førte til at eigaren av dei tre scenene kalla inn til eit møte, onsdag 15. desember, der dei gjekk med på å underteikne riksavtalen. Kampen om tariff var dermed avslutta, og dei streikande gjekk av med sigeren etter den fem dagar lange streiken. Raud Ungdom vil gratulere dei ansatte med sigeren, og kårer klubben på Rockefeller og sjåførane i Ringnes som Vekas helter!




