Rød Ungdom

Bli medlem! Ivers blogg

Lindex

26. januar 2011, 17:18 | Kategori: .

Denne veka kom det fram at Lindex konsekvent lagar mindre klede til jenter enn til gutar. På barneavdelinga er 160 cm gutestørrelse mykje større enn 160 cm jentestørrelse. Kva begrunnar Lindex dette med? At gutar trenger meir rørslerom. Lindex er Vekas dust!

Denne forskjellen i klesstørrelse bygger opp under gamle kjønnsroller, ei forestilling om at gutar skal leike i skogen, medan jentene skal sitte i ro og leike med dukker. Raud Ungdom syns jenter skal få lov til å bevege seg i kleda dei kjøper, og at dei og skal tole ein god del leik. Lindex er Vekas dust!