Rød Ungdom

Bli medlem! Ivers blogg

Ole Kopreitan

26. januar 2011, 17:03 | Kategori: .

På sundag døydde den 73 år gamle miljø- og fredsaktivisten Ole Kopreitan. Raud Ungdom ynskjer å hedre den lange innsatsen Kopreitan har gjort for venstresida, og kårar han til Vekas helt!

Ole Kopp var den første leiaren til SUF, det som seinare vart Raud Ungdom. I tillegg til det har han hatt ei rekke verv og framtredande posisjonar i Nei til Atomvåpen, bevegelsen mot EU og for miljøet. Men det var nok likevel på Karl Johan dei fleste lærte Kopreitan å kjenne. Der var han eit kjent syn, med si ombygde barnevogn. Frå denne tralla solgte han buttons for dei fleste gode sakene i verda.

Til siste stund var Ole Kopreitan eit varmt og solidarisk menneske. Seinast i demonstrasjonane rundt Maria Amelie bidrog han med fakler til markeringa. Raud Ungdom kårar sin første leiar, ein ekte menneskevenn, Ole Kopreitan til Vekas helt for lang og tro teneste.