Guido Westerwelle

Denne veka vedtok FNs sikkerhetsråd ein resolusjon som åpnar for krigføring i Libya. Krigshissarane i USA og Storbritannia greip umiddelbart sjansen, og har satt i gong eit angrep på landet. Den einaste fornuftige stemma i dette kaoset har vore Tysklands utanriksminister, Guido Westerwelle. Han nekter å delta i ein millitær intervensjon, og er Vekas helt!
Gjennom ei såkalla "flyforbudsone" håpar angriparane å slå ut Gaddafi. I første omgong betyr dette bombing av flyplassar, anti-luftskyts og radarutstyr. Men resolusjonen åpnar og for bombing av bakkemål. Uansett vil den millitære internvensjonen bety sivile drap og mest sannsynleg styrke støtta til Gaddafi. Han kan no påberope seg å forsvare landet mot utanlandske angrep, og auke støtta på dette.
"Ens eget instinkt sier 'vi må gjøre noe'. Men millitær intervensjon er å delta i en borgerkrig. Å vurdere alternativer til militær involvering er ikke det samme som å ikke gjøre noe." sa Westerwelle når det vart kjent at Tyskland ikkje ville delta. Og dette har han heilt rett i. Libyerne er nødt til å lage sin egen revolusjon, som Vesten er nødt til å støtte opp under gjennom solidarisk arbeid, og økonomisk støtte – ikkje millitær innblanding.
Eit militært angrep er uforutsigbart og kan få negative konsekvenser for frigjeringsbevegelsene i Nord-Afrika og Midt-Austen har Westerwelle uttalt. Han er dermed ein av få vestlege utanriksministre som har ei fornuftig tilnærming til revolusjonen i Libya. Guido Westerwelle er Vekas helt!




