Rød Ungdom

Bli medlem! Ivers blogg

Toofan Bashash

16. mars 2011, 19:51 | Kategori: .

På fredag gjekk den nye sesongen av Norske Talenter av stabelen, og med ein heilt spesiell artist blant deltakarane. 13 år gamle Toofan Bashash frå Afghanistan deltok med ein rap om krigen i Afghanistan, og om flukta til familien når Toofan var to år. Sangen han har laga viser den sanne sida til krigen, og at det er på tide å hente soldatane heim. Toofan er Vekas helt!

I sangen er den lidelsen som har blitt påført folket i Afghanistan smertelig tydelig. Gutar på Toofans alder blir nesten dagleg drept av våre bomber, og det er på tide at ein høyrer ropa frå landet. Krigen i landet har gått i feil retning heilt sidan den starta i 2001, for nesten ti år sidan. Volden har berre auka i takt med antal soldatar som har blitt sendt til landet. I 2010 døydde det i gjennomsnittet 7 sivile kvar dag. Til saman 2421 uskuldige mennesker. No har til og med USAs nikkedukker, Karzai-regjeringa fått nok og ber NATO trekke troppane ut.

Det er på tide at regjeringa høyrer på fornufta, på folket i Afghanistan, på Karzai og på Toofan. Soldatane må heim. Krigen må ta slutt. Toofan Bashash er Vekas helt!