Rød Ungdom

Bli medlem! Ivers blogg

Trond Giske

30. mars 2011, 10:56 | Kategori: .

Trond Giske har i fleire månader jobba med regjeringa si nye eigarskapsmelding. Meldinga skal forklare kvifor, korleis og kva staten skal eige. Raud Ungdom er spent på å sjå resultatet av dette arbeidet, men ønsker eit av dei annonserte tilltaka velkommen: Fleire lærlingar i statlege bedrifter! Giske er Vekas helt!

RU er skeptisk til den lite konkrete lovnaden, men ønsker uansett denne typen utvikling velkommen. Det er hårreisande at det i realiteten berre er studiespesialserande som har eit tilbod om fullført vidaregåande utdanning for alle elevane. Det er alt for få lærlingsplassar i forhold til den arbeidskrafta ein må utdanne i framtida, og dette er Giske og staten nøydd til å jobbe med.

I byrjinga skal Giske be statlege bedriftar ta inn fleire lærlingar, men fleire konkrete tilltak må på plass. Ein må lovfeste retten til lærlingplass, fjerne arbeidsgjevaravgift for lærlinger og sjå på andre metoder for å gjere det lettere å utdanne seg til eit fag. Trond Giske er derfor Vekas helt, med håp om at han skal holde det han lover!’