Rød Ungdom

Bli medlem! Ivers blogg

Bevar skrivebua

19. april 2011, 10:06 | Kategori: .

Uttalelse vedtatt i Rød Ungdoms landsstyre 8. - 10. april.

I seinare tid har det blitt dokumentert at lese- og skriveferdigheitane blant barn og unge er for dårlige. Heldigvis finst det mange som sjølv velgjer å utvikle eigne lese- og skriveferdigheitar! Dei treng ein arena der dei kan møtast for å få oppmuntring, tilbakemeldingar og konstruktiv kritikk. Skrivebua.no er nettopp ein slik stad, og i motsetning til mange andre store og uoversiktlige nettsider, er Skrivebua noko heilt unikt. Spesielt grunna at redaksjonen går igjennom alle tekstane og kommentarane, det store fokuset på å utvikle seg sjølv og hjelpe andre på vegen, og moglegheita til å få tilbakemeldingar frå etablerte forfattarar (Forfattarstafetten). Berre i 2010 var det allereie i juli lagt ut over 12 000 tekstar og gitt 42 000 kommentarar.

I ei undersøking utført av Skrivebua, kjem det fram at eit stort antal medlem har opplevd ei positiv utvikling av norskferdigheitar og har gått opp i karakter etter at dei byrja å leggje ut tekstane sine på Skrivebua. Det kjem òg fram i undersøkinga at fleire av dei som deltok, ville gitt opp skrivinga viss dei ikkje mottok den responsen dei fekk frå Skrivebua.

Til no har Skrivebua vore finansiert av fylkesbiblioteket i Nordland Fylkeskommune, samt med prosjektmidlane frå ABM-utvikling, men no er prosjektperioden over. Det ser mørkt ut for Skrivebuas framtid, ettersom Nordland Fylkeskommune ikkje vil betale for prosjektet åleine. Håpet har vore at staten skulle ta over finansieringa, men så langt har det vore stilt, sjølv om det ikkje har vore mangel på engasjement i saka. Spesielt Creare – foreininga for skrivande ungdom, har delteke både ved å sprei informasjon om saka, og ved å prøve å kontakte regjeringa. Diverre utan hell.

Raud Ungdom krevjar at regjeringa tar saka på alvor og håpar at dei ser kva for ein ressurs sida er; både sosialt, for språkleg utvikling og som eit forum for ei interesse som det ikkje vanlegvis er eit stort miljø for i denne aldersgruppa. Det finst ingen erstatning.