Jenny Klinge

Jenny Klinge (Sp) var for ei stund sida ute i dagbladet, og uttalte at "Innvandrermenn ser på norske jenter som horer." Ho lager eit skremmebilde av ikkje-vestlege innvandrere som forhistoriske dyr, uten evne til å kontrollere seg sjølv. Raud Ungdom tar sterk avstand frå denne typen rasistisk skremselspropaganda, og kårer Jenny Klinge til Vekas dust!
Det stemmer at størsteparten av overfallsvoldtektene som har blitt begått i Oslo i det siste er begått av innvandrermenn. Men det blir for enkelt å tegne opp et bilde av at det berre er innvandrere som voldtar. Kvart år blir mellom 8000 og 16 000 kvinner voldtatt i Norge. Dei fleste voldtektene skjer mellom folk som kjenner kvarandre frå før, og så mykje som ein av fire voldtekter blir begått på fest. Å innføre temaet kjønn, seksualitet og likestilling som et viktig element i introduksjonsprogrammene som innvandrere skal gjennom vil ikkje vere eit godt nok tiltak for å få bukt med voldtekt.
Det Jenny Klinge må skjønne, er at dersom ho ønsker å jobbe mot voldtekt må ho skjønne at det er eit samfunnsproblem og ikkje eit innvandringsproblem. Fellesnevnaren er ikkje at innvandrere voldtar, men at menn voldtar. Raud Ungdom ønsker kjønn som fag på tredje, sjette og niende klassetrinn for å ta opp voldtekt som eit tema, sette grenser, diskutere kjønnsroller og arbeidsdeling. Dette vil føre til eit betre maktforhold mellom kvinner og menn. Fram til Jenny Klinge skjønner dette er ho Vekas dust!




