Stans bombinga av Libya

Uttalelse vedtatt i Rød Ungdoms landsstyre 8. - 10. april.
Revolusjonen og opprørets time har nådd Midt-Austen og Nord-Afrika. Dette er opprør Raud Ungdom gjer si støtte til. Raud Ungdom vil alltid støtte progressive revolusjonar.
Sentralt i vår revolusjonære bevegelse ligg eit ønske om å bygge bevegelser nedenfra, folkelige opprør mot overmakta. Me meiner revolusjonane i Egypt, Tunisia, Jemen, Bahrain og Syria bærer preg av dette. Den libyiske revolusjonen har derimot blitt kidnappa av vestlege våpenmakter. Det som byrja med at folket i Libya reiste seg mot Gaddafi, har endra karakter og følger dermed i rekka av farlege vestlege millitære angrep, på linje med Afghanistan og Irak.
Når FN gjorde sitt vedtak, var det heilt klart at det internasjonale verdssamfunnet måtte handle. Det var viktig å gje støtte til opprøret og forhindre ei massakre av det libyske folket, og resolusjonen som vart vedtatt inneholder eit par linjer om fredsforhandlinger mellom opprørerne og Gaddafi. Problemet er at dei fredelege delene vart glømt så fort papiret var underskrive, medan dei vestlege landa pussa kanonene og gjorde seg klar til angrep.
Dei vestlege styresmaktene jobbar hardt for å stabilisere landet, og sikre tilgong til dei gigantiske oljeressursene som ligg i landet. Motivasjonen som ligger bak flyforbudet og intervensjonen, er den samme som har holdt Gaddafi ved makta så lenge, som har sikra han handel, våpen og støtte blant dei samme vestlege landa som no støttar opprøret.
Flyforbudet i seg sjølv vil mest sannsynleg ikkje vere nok til å stanse Gaddafi, og FN-resolusjonen opnar dermed for bombing av bakkemål som ikkje er direkte knytta til å oppretthalde flyforbudssona. Det er og ein fare for at intervensjonen vil forlenge levetida til diktatoren, fordi han kan påberope seg forsvar mot utanlandske makter.
Det er derfor all grunn til å stille spørsmål ved den vestlege intervensjonen. Særleg når ein får rapportar frå Libya om at sivile blir drept av bomber, at opprørerne sine linjer vert bomba og at CIA er tungt inne i opprørsrørsla er det grunn til å stille spørsmål om den videre utviklinga av dette opprøret egentlig vil vere leia av folket. Mykje tyder på at det er styrt utanfrå, med mål om å sikre tilgong til olje. Libya pumper opp 1,7 millioner fat olje kvar dag,
Raud Ungdoms landsstyre støtter det folkelege ønsket om å kaste Gaddafi. Derfor har me støtta revolusjonen i Libya frå den byrja. Me vil framleis støtte den folkelige kampen, men krever ein umiddelbar stans i den vestlege intervensjonen. Revolusjonen i Libya må vere folkets verk. Demokrati kan ikkje innføres ovanfrå, med bomber. Dette er ein krig, som Norge ikkje kan støtte.
Raud Ungdom krever derfor:
- Stans av bombingen av Libya, umiddelbar tilbaketrekking av norske fly.
- Økonomisk, materiell og politisk støtte til folkelige opprør
- Støtte til den Afrikanske Unions forsøk på fredsforhandling
- Umiddelbar stans av all handel med diktatorar




