Luca Savorelli

I slutten av april lanserte Luca Savorelli og Davide Dragone ein forskningsrapport der dei hevdar at det å ha "pluss-size"-modeller på cat-walken vil føre til meir fedme og overvekt. Tøys seier Raud Ungdom, og feirer rapporten med å kåre forfattarane til Vekas dust!
Rapporten tar utgangspunkt i ein påstand om at dersom folk ser syltynne modeller i reklamen, vil dei føle eit sosialt press som tvinger dei til å slanke seg og dermed blir folk tynne. Dette er jo veldokumentert at stemmer. Dette presset fører til dårleg sjølvtillit, slankepress blant ungdom og i verste konsekvens – spiseforstyrrelser. Det er forferdeleg at dei såkalla forskarane frå Italia syns dette er noko ein berre kan oversjå. Dei bommer og grovt når dei trur at skjønnhetstyranniet er einaste motivasjonen folk har til å slanke seg.
Når Savorelli og Dragone leverer såpass dårlige forskningsresultater, er det tilbake til skulebenken. Denne forskningen holder rett og slett ikkje mål. Det ein treng er eit samfunn der fleire er fornøyd med måten dei ser ut på, der skjønnhetspresset er fjerna og den sunne, gode maten er gratis. Dersom Savorelli meiner alvor i sin bekymring for fedme kan han bli med oss i kampen for eit sosialistisk folkestyre. Fram til det er han Vekas dust!




