Egalia Barnehage

Den kommunale barnehagen Egalia, går nye veger i sitt pedagogiske program. Den svenske barnehagen har bestemt seg for å ta kjønnsroller og oppvekst på alvor, og har innført eit kjønnsnøytralt språk og praksis i barnehagen. Egalia går eit steg i retning likestilling, og me kårer dei til Vekas helt!
I den kommunale barnehagen Egalia i Stockholm unngår personalet å bruke ord som "han" eller "henne" om barna. De 33 barna tiltales som "kompiser", eller "venner", istedenfor "gutter" og "jenter". I tillegg er det ikkje definerte gutte- og jenteleiker, noko som gjer at borna sjølv kan velge kva dei vil leike med – utan å bry seg om noko anna enn sin egen utforskingstrang. Dette fører til at borna står frie til å utvikle seg sjølv. De vert ikkje begrensa av dei kjønnsrollene som samfunnet påtvinger oss.
Me syns Egalia er eit av dei mest spanande prosjekta når det gjeld likestilling og oppvekst i like kår. Det er og verdt å legge merke til at barnehagen er kommunal og at det derfor er det offentlege som har tatt ansvar. Raud Ungdom håpar at den norske barnehagesektoren ser til Sverige, og høyrer på kjønnsforskarane som støtter prosjektet. Egalia er Vekas helt!




