Olav Thon

Denne veka kom det fram at toppsjefer i statlege selskaper tjener mange millioner kroner i året. For eksempel tjente Telenor-sjefen Jon Fredrik Baksaas tjente 18,4 millioner kroner i 2010, med bonuser og heile pakka. Dette vekker sjølvklart reaksjoner hos alle slags folk, og Raud Ungdom har plutselig ein litt uvant alliert i Olav Thon. Hotellmilliardæren er Vekas helt!
Olav Thon sa til VG, at leiarar vert dårlege dersom dei har for høg lønn. Dette er me enige i, men enigheten mellom Olav Thon og RU stoppar nok der. Me vil ta pengene til Olav Thon og. Ein ting er at bedriftsleiarar vert dårlegare av å ha mykje penger, men kapitalistar som Olav Thon har heller ikkje godt av å ha mykje penger. Thon er Noregs rikaste mann, etter at John Fredriksen stakk av til Kypros med sine penger. Thon er god for 21,3 milliarder kroner. Han er og kjent for å drive rovdrift på sine ansatte: luselønn, sosial dumping og elendige arbeidsvilkår er vanlig dersom du er ansatt på Thons hoteller.
Richard Wilkinson, forfatter av boka «The spirit level» har funne forskningsmessig bevis for at eit samfunn blir bedre av å ha stor grad av likhet. Det eineste riktige, for å skape eit bedre Norge er derfor å ta pengene til dei rike, og bruke dei på felles tjenester. Me kunne hatt gratis basisvarer, gratis kollektivtransport, 6-timers arbeidsdag og ein skule med elevane i fokus. Men då trenger me meir penger til å finansiere fellesløsninger. Me kårer Olav Thon til Vekas helt, og lover å ta pengene hans under revolusjonen.




