Rød Ungdom

Bli medlem! Ivers blogg

-

29. juli 2011, 15:18 | Kategorier: , , .

Raud Ungdom kårer ingen helt og dust denne veka.

Helt og dust skal vere ei uformell spalte der Raud Ungdom sett lys på politiske temaer, gjerne med eit humoristisk eller overraskande fokus. På den måten kan me vekke debatt og vise RUs syn på politiske temaer som me meiner er viktige å få debatt om.

På grunn av terrorhandlingen forrige fredag fant me det vanskelig å skrive om noko anna i denne spalta. Me fant og ut at det ikkje var heilt på sin plass å bruke denne spalta til å skrive om det som skjedde. Derfor har me valgt å la helt og dust få ein liten pause og skrive denne teksten for å forklare kvifor me gjer dette.

Dessuten er det vanskelig å kåre berre ein helt etter det som har skjedd. Rød Ungdom vil skryte av hjelpemannskape, regjering, frivillige og de involverte for håndteringa. Til dette fortjener dei all honnør. Etter katastrofen har Norge gått i riktig retning. Folk har vist samhold og omtanke. No må me sørge for at dette ikkje berre vert ein unntakstilstand, men at Norge fortsetter i denne retninga.

Avslutningsvis vil Raud Ungdom utrykke sin sympati og medfølelse med ofre og pårørende. Me skal aldri gløyme desse hendelsene. Ut av dette vil det vokse ein ungdomsbevegelse som arbeider for meir toleranse, åpenhet og solidaritet. Utøya-generasjonen vil forandre verda.