Synnøve Kvamme

Forrige veke intensiverte Hardangeraksjonistane sine aksjonar mot bygginga av monstermastene i Hardanger. Gjennom sivil ulydighet har aksjonistane vist sin motstand mot bygginga og, på fredag aksjonerte dei mot annleggsområdet på Rong, i Hardanger. Dei okkuperte totalt ni kontainere med mastedelar, og fekk stogga utflyging av desse delane. Fleire personar vart arrestert i desse aksjonane. Ein av dei var Synnøve Kvamme. Raud Ungdom hedrar innsatsen hennar, og kårar ho til Vekas helt!
Synnøve Kvamme her vore leiande i mastesaka i seks år no, langt lengre enn denne øydelegginga av norsk natur har vore i medias søkelys. Først gjennom organisasjonen Bevar Hardanger, og seinare i Hardangeraksjonen har ho stått på i kampen mot masteutbygginga. I aksjonen mot anleggsområdet på Rong var ho ein av dei som vart arrestert, fordi ho nekta å flytte seg når politiet dukka opp. Monstermastene er unaudsynt og handlar kun om å transportere billig kraft frå oljeindustrien på Vestlandet, til dei europeiske straummarknadene. Dersom regjeringa virkelig ville sikre straumtilførsel til Vestlandet, hadde dei satsa på energieffektivisering og energisparing istadenfor denne dyre, naturødeleggande mastetraseen som skal gå tvers gjennom hjertet av Noreg.
Raud Ungdom meiner dette syner dei store manglande i vårt demokratiske system. Ikkje berre er det vedteke mot lokalbefolkninga i Hardanger sin overbevisning, det er og ein utstrakt arm til ein forhistorisk og utdøande energiindustri: Oljeindustrien. Raud Ungdom meiner oljeindustrien høyrer til fortida og må fasast ut. Framtida tilhøyrer oss, og me ynskjer ikkje å rydde opp etter Jens Stoltenbergs miljøøydeleggingar. Synnøve Kvamme, og resten av Hardangeraksjonistane er Vekas helt!




