Stord Ungdomsskule

Denne veka har Raud Ungdom arrangert leksestreik, ein landsomfattande aksjon for ein leksefri skule. I alle dei store byane i Norge har ein arrangert felles demonstrasjoner. Men og på mange mindre stader og skuler har elevane gjort ein kjempeinnsats for å arrangere leksestreik. Ein av desse skulane er Stord Ungdomsskule. Der gjekk rundt 50 av elevane i demonstrasjonstog frå skulen til rådhuset. Stord Ungdomsskule er Vekas helt!
Denne veka gjekk elevane saman for å vise at leksesystemet ikkje fungerer. Det er få pedagogiske grunner til å framleis halde på med lekser. Dei har liten læringseffekt for dei aller fleste elevar, og stjeler fritida til ungdom. I tillegg er lekser ein av dei delene av skulesystemet som i størst grad reproduserer sosiale skiller i skulen. Derfor er framtidas skule leksefri. Stord Ungdomsskule har skjønt dette, og er Vekas helt!




